Evje stavkyrkje stod om lag 20–25 meter aust for dagens Evje kyrkje. Kyrkja er omtala som «ecclesia de Uio» i 1327 i dei pavelege nuntienes rekneskapsbøker. Lite er kjent om utsjånaden til stavkyrkja, men i 1662 vart det gjeve ordre om å rive svalane og kle veggane med bord. Evje fekk ny kyrkje i 1833. Ein munnleg tradisjon frå den gongen vil ha det til at kyrkja som vart riven, var 166 år gamal, altså frå 1667. Muligens tyder det at ombygginga var så omfattande at resultatet vart rekna for ei ny kyrkje.
Lite er kjent også om inventaret i stavkyrkja, men ei altartavle frå 1820 er bevart på Norsk Folkemuseum.
Kjelder Jan Brendalsmmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Aust-Agder fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 52.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Evje og Hornnes Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Evje og Hornnes