thumb|Rakkestad prestegård Rakkestad prestegard ligg på eit lite høgdedrag nord for Rakkestad kyrkje.

To bygningar på prestegardstunet er freda: våningshuset frå 1797 og eit stabbur frå 1900. Dessutan er eksteriøret til ein driftsbygning og eit vedskjul frå om lag 1916 freda.

Våningshuset er eit nokså langstrekt einetasjes laftebygg med ståande panel og saltak. Bygningen hadde tidlegare to etasjar, men dette vart redusert i 1838, og bygningen vart restaurert i 1922–23.

Prestegarden har spela ei viss rolle som møtestad i historia. Til dømes kom Krigsrådet saman her med Kristian Fredrik i 1814.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rakkestad prestegård» frå , den 4. september 2019.

Bakgrunnsstoff Opplysningsvesenets fond: Rakkestad prestebolig

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Rakkestad Kategori:Byggverk i Rakkestad Kategori:Gardar i Østfold Kategori:Freda bygg i Østfold