Gratangen kyrkje er ei kyrkje med eit modernistisk formspråk frå 1971 i Gratangen kommune i Troms. Arkitekt for kyrkja var Oskar Norderval.
Bygningen har eit flatt, lågt tak, men to trekanta, loddrette betongplater stikk opp som eit segl. Mellom platene heng kyrkjeklokkene. Bygningen er plassert på ein liten høgd attmed tettstaden Årstein og har ein dominerande posisjon i fjorden, særleg når ein kjem frå Gratangsbotn.
Kyrkja har 220 sitjeplassar.
Tusenårsstad I samband med tusenårsskiftet vart eit tilbygg på kyrkjelydssalen ved kyrkja vald som tusenårsstad for kommunen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gratangen kirke» frå , den 7. september 2019.
Bakgrunnsstoff
Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
Gratangen kyrkjelege fellesråd
Kategori:Gratangen kommune Kategori:Kulturminne i Gratangen Kategori:Kyrkjer i Gratangen Kategori:Kyrkjer i Trondenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1971