Liv Inger Somby () er ein samisk høgskolelektor, forfattar og tidlegare journalist. Ho er lektor ved journalistutdanninga på Samisk høgskole, der ho underviser i urfolksjournalistikk. I 2023 blei ho vald til rektor for Samisk høgskole for ein fireårsperiode.
Tidleg i 1990-åra byrja Somby å samla inn historier frå eldre samiske kvinner der dei fortalde om erfaringane sine frå tida under fornorskingspolitikken. Ho offentleggjorde historiene og presenterte prosjektet sitt for andre urfolkskvinner på SN sin kvinnekonferanse (CSW) i New York i 2018.
Somby er medlem av Sannhets- og forsoningskommisjonen som skal granska fornorskingspolitikk og urett begått i høve til samar, kvenar og norskfinnar. Ho har også medverka i TV-serien Reinlykke (2008) og TV-dokumentaren Gollegiisá (2013), begge deler på NRK.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liv Inger Somby» frå , den 9. september 2019.
Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Finske journalistar Kategori:Samiske journalistar