Zersenay Tadese () er ein eritreisk langdistanseløpar. Han vann bronsemedaljen i 10 000 meter under OL 2004 i Aten og sølvmedaljen på same distansen i verdsmeisterskapen 2009. Den olympiske medaljen var den aller fyrste til ein representant frå Eritrea.

Aktiv Tadese var ein av verdas beste milløparar i tida 2004-12. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 vart han tredjemann på 10 000-meteren, 13 og 17 sekundar bak to karar frå grannelandet Etiopia. Dei to etiopiarane, Kenenisa Bekele og Sileshi Sihine, kom dei neste sesongane til å hindre Tadese siger i baneløp ved VM og OL. Jamt måtte han nøye seg med plasseringar frå 4. til 6. plass. Einast under verdsmeisterskapen 2009 sprang han inn til medalje i milløpet. Atter ein gong måtte han sjå Bekele vinne gullmedaljen, sjølv tok han sølv, fire sekundar bak den suverene etiopiaren.

Sine aller beste langdistanseløp på både 5 000 m og 10 000 m gjorde Tadese sommaren 2006. I Roma sette han personleg rekord med 12.59,2 på halvmila, seks veker seinare presterte han i Brussel imponerande 26.37,2 på den doble distansen.

Tadese hevda seg elles framifrå i halvmaraton og i terrengløp. Såleis vann han fem gull i verdsmeisterskap i halvmaraton 2006-09 og 2012. År 2007 vart han også verdsmeister i terrengløp. Den 21. mars 2010 sette han verdsrekord med tida 58.23 då han sigra i Lisboa halvmaraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Nr 8 på 5 000 m – 13.05,5 OL 2004 i Aten: Bronsemedalje på 10 000 m – 27.22,5. Nr 7 på 5 000 m – 13.24,3 VM 2005 i Helsinki: Nr 6 på 10 000 m – 27.12,8. Nr 14 på 5 000 m – 13.40,2 VM 2007 i Osaka: Nr 4 på 10 000 m – 27.21,3 OL 2008 i Beijing: Nr 5 på 10 000 m – 27.05,1 VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje på 10 000 m – 26.50,1, bakom Kenenisa Bekele (26.46,3) VM 2011 i Daegu: Nr 4 på 10 000 m – 27.22,5 OL 2012 i London: Nr 6 på 10 000 m– 27.33,5 VM 2019 i Doha: Nr 6 i maraton – 2.11.29

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zersenay Tadese» frå , den 10. september 2019.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Eritreiske langdistanseløparar Kategori:Eritreiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i terrengløp Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Eritrea Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Eritreiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Eritreiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Eritreiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Eritreiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016