Parachute er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet The Pretty Things, utgjeve i 1970. Det var det første albumet deira utan gitaristen Dick Taylor.

Meldingane då albumet kom ut var særs positive og Billboard kalla det «nok eit album frå øvste hylle» for bandet.«Special Merit Picks,» Billboard, Jan. 23, 1971. I 1975 skreiv Rolling Stone-skribenten Steve Turner at det hadde vore «årets album i Rolling Stone»Turner, Steve. «New Pretty Things Get a Led Zep Airlift,» Rolling Stone, Apr. 10, 1975., men det stemnde ikkje«It Happened in 1970,» Rolling Stone, Feb. 4, 1971. og det vart faktisk ikkje nemnt i Rolling Stone før Stephen Holden kalla det ein «obskur undergrunnsklassikar» i meldinga si for Freeway Madness, det neste albumet deira.Holden, Stephen. «Freeway Madness,» Rolling Stone, Sep. 13, 1973.

Plata vart seinare gjeve ut i lag med S.F. Sorrow som ei dobbelplate kalla Real Pretty. I Canada vart albumet gjeve ut på Motown Records.

Snapper Records gav ut ei 40-årsjubileumsutgåve av albumet i september 2010 med akustiske nyinnspelingar av fleire av songane av Wally Waller og Phil May.

Innhald Alle songar av Phil May og Wally Waller, bortsett frå der andre er nemnde.

Medverkande Phil May – vokal Vic Unitt – gitar (berre albumspor) Wally Waller – bass, gitar, vokal Jon Povey – klaverinstrument, vokal Skip Alan – trommer Pete Tolson – gitar (berre bonusspor)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Parachute (The Pretty Things album)» frå , den 11. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:The Pretty Things-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Harvest Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Album produserte av Norman Smith Kategori:Victor Entertainment-album