Gramsh er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sørvest til regionen Berat, i søraust til regionen Korçë.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gramsh vart slått saman med landkommunane Pishaj, Kodovjat, Kukur, Kushovë, Lenie, Poroçan, Skënderbegas, Sult og Tunjë. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Gramsh.

Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Gramsh ein del av distriktet Gramsh. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gramsh.

Folketal

Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Gramsh 8 440 6 786 Kodovjat 2 355 1 551 Kushovë 659 418 Lenie 779 486 Pishaj 4 906 3 341 Poroçan 1 269 740 Skënderbegas 1 239 667 Kukur 2 560 1 386 Sult 631 358 Tunjë 1 393 800 Kommunen Gramsh 24 231 16 533

Referansar

Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Elbasan Kategori:Busetnader i regionen Elbasan Kategori:Kommunaleiningar i regionen Elbasan