Sivert Langholm () var ein norsk professor i historie.

Langholm var frå Haugesund. Han vart universitetslektor i 1961, og professor ved Universitetet i Oslo frå 1976. Sivert Langholm er ein av dei viktigaste sosialhistorikarane frå etterkrigstida. I 1970 uttalte han at forskningprogrammet hans var å «frigjøre sosialhistorien fra den politiske historiens dominans». Metoden hans gjekk ut på å analysera individdata for å dra slutninger om sosiale grupper i fortida. Teknikken med kvantitativ analyse av individdata kalla Langholm mikrohistorie. Langholm var ein pioner i å nytta datateknikk på analyse av historiske kjelder.

Han var prosjektleiar for prosjektet Norsk samfunnsutvikling 1860-1900, som tok for seg to område, Ullensaker og Christiania. Desse to områda vart analyserte gjennom 4 bøker og 30 hovudoppgåver, og var valde ut fordi dei områda vart sette på som representative for samfunnsendringar på nasjonalt plan i denne perioden. Prosjektet rekrutterte fleire forskingstalent som seinare har vore viktige i sosialhistorisk forsking, m.a. Jan Eivind Myhre og Tore Pryser. Langholm var òg av dei første til å analysera valdata med datateknikk.

I 1996 tok han initiativ til Forum for Universitetshistorie, eit arbeid som skulle munna ut i 200-årsjubileumsverk om Universitetet i Oslo i 2011.

På 1950-talet var Langholm medarbeidar i Norsk Allkunnebok.

Han var bror av sosialøkonomen Odd Langholm.

Bibliografi

1966 Stillingsretten i norsk vernepliktsdebatt og vernepliktslovgivning 1848-1876 1967 Historisk rekonstruksjon og begrunnelse (siste utgåve 1997) Metodebok i historiefaget. 1984 Elitenes valg. Sosial avstand og politisk oppslutning blant Christianiavelgerne i 1868

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sivert Langholm» frå , den 17. september 2019.

Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske historieprofessorar