Kari Melby () er ein norsk historikar. Ho er professor ved Institutt for tverrfaglege kulturstudium ved NTNU. Ho var prorektor for forsking og avløysar for rektor frå 1. august 2009 til åremålsstillinga hennar gjekk ut 31. juli 2017.Protokoll frå møte tysdag 19. mars 2013. NTNU Ho vart etterfølgd av Bjarne Foss.

Melby er cand.philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Oslo 1977 og dr.philos. ved Universitetet i Trondheim 1995. Her vart ho professor i 1994.

Ho var tilsett som forskingsleiar for Senter for kvinneforsking ved universitetet frå 1990 til 1998, og har vore instituttleiar ved Institutt for tverrfaglege kulturstudium frå 2002 til 2005. Melby leidde «Kvinner i forsking – komité for integreringstiltak», oppnemnt av Utdannings- og forskingsdepartementet, frå 2004 til 2007, og var prodekan for forsking ved HF-fakultetet frå 2005 til 2009. Ho har hatt mange verv i Noregs forskingsråd, og er medlem av Hovudstyret og leier Divisjonsstyret for vitskap.NTNUs likestillingspris for 2006 tildeles professor Kari Melby ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier. ntnu.no

Ho er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).

Referansar

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Kari Melby» frå , den 17. september 2019.

Bakgrunnsstoff Kari Melby NTNU

Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Norske historieprofessorar