Langfoss er den 16. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg på sørsida av Åkrafjorden i Etne kommune i Vestland. Fossen er ein del av Vaulaelva. Europaveg 134 kryssar fossen like over utløpet i fjorden. I 1980 vart det vedteke i verneplan for vassdrag at fossen skulle verta verna mot vasskraftregulering i sommarsesongen mellom 1. mai og 30. september. I ei utviding av verneplanen vart det den 18. februar 2005 vedteke at fossen skal renna fritt heile året.
På bakgrunn av omgjevnadar, volum, høgd og lett tilgjenge har nettstaden World Waterfall Database har kåra Langfossen til den vakraste i verda.
Sjå òg Fossar i Noreg
Bakgrunnsstoff Verdens flotteste foss er norsk på http://www.dagbladet.no World Waterfall Database 042/1 Vaulaelva m Langfoss på http://www.nve.no
Kjelder Langfoss på World Waterfall Database
Kategori:Geografi i Etne Kategori:Fossar i Vestland Kategori:Turistmål i Vestland