mini| Sogndal prestegard ligg eit stykkje nord for Stedje kyrkje, på den andre sida av Sogndalselvi. Prestegarden er i dag omgjeven av bustadsblokkar, studentbustadar og andre nyare bygg.
Historia til prestegarden strekk seg attende til mellomalderen. Dagens hovudbygning vart oppført i 1836. Det dreier seg om eit to og ein halv etasjes laftebygg med liggjande panel og delvis valma tak. Huset og romfordelinga har vorte noko endra gjennom åra, men i ytre framtoning ber huset framleis preg av si tid. Bygningen er freda. I tillegg finst eit stabbur, ein garasje og eit mindre uthus.
Bakgrunnsstoff
Sogndal kommune: Prestegarden i Sogndal
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Sogndal Kategori:Gardar i Sogndal Kategori:Freda bygg i Vestland