Lev Aleksejevitsj Lobodin () er ein tidlegare mangekjempar frå Rossosj i Voronezj oblast som 1992-96 representerte Ukraina og sidan 1997 Russland. Han vann etter tur tre EM-bronsar i tikamp.
Aktiv Lobodin vart tredjemann i tikamp-tevlinga i europameisterskapane 1994, 1998 og 2002, altså tre gongar i rad. Han var ein utøvar som presterte jamt høgt i tikampar, 25 gongar sanka han over 8 000 poeng. Den personlege rekordnoteringa på 8 571 poeng kom ved EM 1998 i Budapest, der han var 16 poeng under sølvmedaljør Eduard Hämäläinen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 201 poeng VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 8 196 peng OL 1996 i Atlanta: Braut VM 1997 i Aten: Braut EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 8 571 poeng VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 8 494 poeng OL 2000 i Sydney: Nr 13 – 8 071 poeng VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 8 352 poeng EM 2002 i München: Bronsemedalje – 8 390 poeng VM 2003 i Paris: Nr 6 – 8 198 poeng OL 2004 i Aten: Braut
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lew Alexejewitsch Lobodin» frå , den 23. september 2019.
World Athletics
Kategori:Ukrainske mangekjemparar Kategori:Russiske mangekjemparar Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004