Silke Spiegelburg () er ein tysk tidlegare stavhoppar frå Georgsmarienhütte i Niedersachsen som vann øvinga i diamantserien (Diamond League) både i 2011, 2012, 2013 og tok sølvmedaljen under EM 2010.

Aktiv Spiegelburg var tysk meister i stavhopp i 2005, 2006, 2007 og på ny i 2010 og 2012. I 2006 vart ho nummer seks i Göteborg-EM og i 2008 nummer sju under Beijing-OL. Ho avslutta 2008-sesongen med å vinne IAAF-finalen i Stuttgart, der ho tangerte sitt personbeste på 4,70 meter. Både i hall-EM 2009 i Torino og i hall-EM 2011 i Paris kom ho på andreplass med hopp på 4,75 m.

Under VM 2009 i Berlin måtte Spiegelburg nøye seg med fjerdeplassen, på same høgde som sølvmedaljevinnarane Monika Pyrek frå Polen og Chelsea Johnson frå USA. Pyrek og Johnson tok 4,65 m i fyrste forsøk, Spiegelburg fyrst i andre forsøk. Ingen av dei klarte 4,75 m, det gjorde berre polske Anna Rogowska. Spiegelburg stoppa med 4,65 m også under europameisterskapen 2010 i Barcelona. Ho tok då høgda i fyrste forsøk, noko som sikra henne sølvmedaljen framom tre andre utøvarar som også fekk 4,65 m som sluttresultat.

Spiegelburg vart nummer fire både i EM 2012, Sommar-OL same året og ved VM 2013. Den 20. juli 2012, midt mellom EM og OL, sette ho tysk stavrekord med 4,82 meter då ho vann øvinga ved diamantserie-stemnet i Monaco. Spiegelburg var beste kvinnelege stavhoppar i diamantserien både i 2011, 2012 og 2013. I 2013 kneip ho sigeren i serien frå Yarisley Silva då ho i Zürich med eit hopp på 4,79 meter vann øvinga i det siste stemnet for sesongen.

Spiegelburg la opp etter 2018-sesongen. mini|venstre|Silke Spiegelburg Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Nr 13 – 4,20 EM 2006 i Göteborg: Nr 6 – 4,50 m VM 2007 i Osaka: Nr 12 (4,55 m i kvalifiseringa) OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 4,65 m VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 4,65 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 4,65 m, bakom Svetlana Feofanova (4,75 m) VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 4,65 m EM 2012 i Helsinki: Nr 4 – 4,50 m OL 2012 i London: Nr 4 – 4,65 m VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 4,75 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (4,45 m=nr 17) VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (4,35 m=nr 14)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silke Spiegelburg» frå , den 28. september 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012