Brunlanes prestegard eller Tanum prestegard ligg vest for Tanum kyrkje i Brunlanes i Larvik kommune. Garden er kjend som kunstnarheim, ettersom forfattaren Hanna Winsnes (1789–1872) budde her i åra 1830–1845, medan ektemannen Paul Winsnes var prest her.

Prestegard Prestegarden si historie går langt attende i tid, og fleire av dei noverande prestegardsbygningane er frå 1700-talet. Garden i dag freda, men vert framleis nytta som prestegard. Eigar er Opplysningsvesenets fond.

Hovudbygningen (våningshuset) vart oppført i 1761–67. Det er eit laftebygg i to etasjar med valmtak og ståande panel. Bygningen var opphavleg prega av rokokko, men stiluttrykket vart noko endra i 1904. Også forpaktarbustaden skal vere oppført i 1760-åra. Stabburet er datert til 1789, medan driftsbygning og vognskjul er frå 1913. Alle desse er freda.

Familien Winsnes Familien Winsnes budde her i 15 år. Dei kom hit etter å ha tent i kort tid i Hurdal, Trysil og Aurdal i Valdres. Ved sida av det etterfylgjande opphaldet i Vang i Hedmark frå 1845 var dette deira lengste faste bustad. Medan familien budde her, var Paul Winsnes stortingsrepresentant ved sida av prestekallet. Paret fekk i alt åtte born frå 1818 til 1827, og i tida i Tanum mottok Hanna Winsnes unge jenter til husstellopplæring i prestegarden.

Samstundes var det i denne tida at ho realiserte forfattarskapen sin. Den anonyme Catechismi fem parter, udsatte i vers vart skriven i tida i Valdres, men kom ut i 1831. I 1841 kom først romanen Grevens Datter, og deretter byrja ein serie på i alt 17 bidrag over 4 år til månadstidsskriftet Nat og Dag. Av desse 17 var nokre noveller og episke dikt på under 10 sider, men òg ein roman (Det første Skridt) på 166 sider. Alt dette vart skrive og gjeve ut under psevdonymet Hugo Scwartz, som ho lenge vokta strengt. I 1845 kom så eit lite hefte med gåter, forutan første utgåva av hovudverket hennar, Lærebog i de forskellige grene af husholdningen, som bygde på eigne erfaringar frå prestegarden og prestegardsskjøkenet og husstellundervisninga som ho hadde gjeve i sin eigen heim.

Livet i prestegardane er skildra i boka Fra Hanna Winsnes' Præstegaard (1911). Boka vart redigert av oldebarnet, forfattaren Barbra Ring, og inneheld eit utval av brev frå Hanna Winsnes til dottera Barbra W. Ring (1819–), dottera sine barndomserindringar og ei innleiing av redaktøren. Winsnes sitt dikt «Farvel til Tanum» frå samlinga Smaa-Digte (1848) gjev òg inntrykk frå livet hennar på garden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tanum prestegård» frå , den 29. september 2019.

Opplysningsvesenets fond: Brunlanes prestebolig, Tanum

Bakgrunnsstoff

Hilde Diesen. Dikterhus. Tell forlag, 1994 (bokhylla.no – fulltekst) Henry Notaker. Hanna Winsnes, mer enn matmor. Gyldendal, 1990. ISBN 82-05-19129-8 Aftenposten, 15.10.2000. «Gjestfri matmor bak strengt portrett»; intervju med biograf Hilde Diesen

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Kunstnarheimar Kategori:Gardar i Vestfold Kategori:Freda bygg i Vestfold