Tazzjana Vladsimiravna Khaladovitsj () er ein kviterussisk spjutkastar frå Brest som i 2016 vart europameister i øvinga.
Aktiv Khaladovitsj utmerkte seg i 2014-sesongen med personbeste på 63,61 meter i Grodno, og deretter med 61,66 m og femteplass i i europameisterskapen i Zürich. Året etter sigra ho i spjut-tevlinga ved universiaden i Gwangju med eit kast på 60,45 m.
Under EM 2016 i Amsterdam overraska Khaladovitsj stort og vann gullmedaljen med ny landsrekord på 66,34 meter. Sidan i sesongen vart ho nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Med eit kast på 64,05 m enda ho på sjetteplass då VM 2017 fann stad i London. Den 7. juni 2018 forbetra Khaladovitsj den kviterussiske rekorden til 67,47 meter då ho vann spjutøvinga under Bislett Games i Oslo.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Nr 5 – 61,66 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (60,07 m=nr 21) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 66,34 m, framom Linda Stahl (65,25 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 – 64,60 m VM 2017 i London: Nr 6 – 64,05 m EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 60,92 m VM 2019 i Doha: Nr 6 – 62,54 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tazzjana Chaladowitsch» frå , den 2. oktober 2019.
World Athletics
Kategori:Belarusiske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Belarus Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020