Peter Leslie Shilton () er ein britisk-engelsk fotballspelar som vakta målet til England i 125 landskampar gjennom tjue år, 1970-90. Han spelte heile 1390 obligatoriske fotballkampar, meir enn nokon annan spelar. Shilton var i alle år aktiv i engelske fotballklubbar. Lengst teneste hadde han i Leicester City og Nottingham Forest, suksess opplevde han einast med laget frå Nottingham.
Aktiv Klubbspel Shilton var målvakt i Leicester City frå mai 1966 til november 1972. Han deltok i 286 ligakampar for laget og stod i mål då klubben tapte FA-cupfinalen 1969 med 0-1 mot Manchester City. Etter knappe tre magre sesongar i Stoke City vart han i september 1977 overført til det Nottingham Forset, eit lag som vann den engelske ligaen i hans fyrste sesong. Der etter var Shilton med om å vinne ligacupen 1979 og europacupen både i 1979 og 1980. Frå sommaren 1982 spelte i fem sesongar for Southampton FC og så like lenge for Derby County, begge stadene utan nemnande suksess. Sidan 1992 hadde ei mislukka tid som spelande trenar i Plymouth, før han sleit reservebenkar i fem ulike klubbar i tida 1995-97.
Landslagsspel Shilton fekk sin landslagsdebut i november 1970. Det neste tiåret stod valet om målvaktsplassen til det engelske landslaget mellom Shilton og Ray Clemence, som ofte veksla om å bere nummer 1-trøya. Inn i 1980-åra var Shilton det soleklare fyrstevalet og han var med i Englands-troppa til EM 1980, VM 1982, VM 1986, EM 1988 og VM 1990. Under verdsmeisterskapen i Italia spelte han sin 125. og siste landskamp då vertslandet i Bari slo England 2-1 i kampen om bronsemedaljane.
Merittar Vinnar av Europacupen: 1979 og 1980 med Nottingham Forest Engelsk ligameister: 1978 med Nottingham Forest Vinnar av den engelske ligacupen: 1979 med Nottingham Forest Finalist i FA-cupen: 1969 med Leicester City Finalist i den engelske ligacupen: 1980 med Nottingham Forest
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Shilton» frå , den 6. juli 2024.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Derby-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Plymouth-spelarar Kategori:Leyton Orient-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990