Østre Porsgrunn kyrkje er ei kyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark. Kyrkja erstatta ei kyrkje frå 1760 som vart tend på og brann ned til grunnen natt til 11. april 2011.
Bakgrunn Det var ulike oppfatningar i Porsgrunn om kyrkja burde byggjast opp som ein kopi av gamlekyrkja eller som ei moderne kyrkje ut frå behov og funksjonar.Ronny Spaans: Når eit symbolbygg brenn, Dag og Tid, 19. april 2013Alf Gjøsund: Brennhet debatt etter kirkebranner, Vårt Land, 15. mai 2014. Det gjekk ein aksjon over fleire år for å få oppført ein rekonstruksjon av kyrkja som brann,Komiteen for Gjenoppføring: Kirken opp! men mellom aktive medlemmar i kyrkjelyden ønska dei fleste ei moderne kyrkje.Porsgrunn menighetsblad, juni 2014 Temanummer om ny kirke Dette vart òg vedteke av Porsgrunn kyrkjelege fellesråd, som hadde ansvar for bygging av ny kyrkje.
Kyrkjebygg Den nye kyrkja vart teikna av arkitekt Espen Surnevik og Trodahl arkitekter. Bygget vert gjerne omtala som «porselenskyrkja», ettersom ho skulle kles utvendig med fliser som skulle minne om porselen.Filip Wennerød: – Kult med porselenskirke Porsgrunns Dagblad, 1. juli 2015 Tor Entreprenør vart tildelt byggjeoppdraget,Østre Porsgrunn kirke Produktfakta og arbeidet byrja i desember 2017. Det nye kyrkjebygget stod ferdig hausten 2019 og vart innvigd den 15. september 2019.Kirkeblad for Porsgrunn nr. 4/2019, s. 11.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Ørnulf Paulsen: «Oppstandelseskirke med lyset som tema» og «Inspirert av lyset», i Kirkeblad for Porsgrunn nr. 4/2019, s. 12–14 Christian Aarhus: Arkitekten tror skeptikerne vil snu - nye Østre Porsgrunn kirke reiser seg (Byggeindustrien, 11. april 2019) Porsgrunn menighet: Bilder fra prosessen mot ny kirke Vår Land mener: Nye Østre Porsgrunn kirke er storslått og fascinerende (Vårt Land 15. september 2019) Åpner my og moderne kirke etter brannen — Jeg nekter å sette mine bein i den nye kirka (NRK 13. september 2019)
Kategori:Kyrkjer i Porsgrunn Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2019