mini|Romersk statue av ei virgo vestalis maxima, vestalinne-leiaren.
Vestalinne (latin vestales, virgines vestales) var ein prest for gudinna Vesta i Roma i antikken. Vestalinnene var unge kvinner som avla løfte om å vera kyske medan dei tente i Vesta-tempelet.
Dei heldt den heilage elden på altaret brennande i tempelet på Forum Romanum. Gjekk elden ut, ville det varsla Roma sin undergang. Seks vestalinner tente i tempelet om gongen. I førstninga var dei berre to, seinare var dei fire. Dei budde i Atrium Vestœ ved sida av tempelet.
venstre|mini|Innviing av ei ny vestalinne. Måleri frå 1700-talet av Alessandro Marchesini.
Vestalinnene kom gjerne frå dei fremste familiane i Roma, og hadde ei høg stilling i samfunnet som prestinner. Dei byrja tenestetida si då dei var 6-10 år, og blei verande i tempelet i 30 år. Dei første 10 åra fekk dei opplæring som noviser, så blei dei prestinner. Når tenestetida var slutt, gjekk dei ut og kunne gifta seg. Dette verker det likevel å ha vore få som gjorde.
Pontifex maximus valde ut nye vestalinner gjennom loddtrekking. Han var den einaste mannen som kunne gå inn i tempelet, og hadde farsmynde over vestalinnene. Dersom ei vestalinne braut løftet om å vera kysk blei ho straffa ved å gravleggjast levande. Ei vestalinne kunne òg bli straffa for å la elden sløkka, ettersom dette ville seia at gudinna for årestaden hadde trekt tilbake vernet sitt av byen. Straffa for dette var slåing eller pisking, visstnok i mørkret gjennom eit forheng for å ikkje fornærma blygda til vestalinna.
Vestalinnekulten gjekk truleg tilbake i løpet av 300-talet.Vesta. Encyclopædia Britannica, 11. utg. (1910–1911) ved Internet Archive. I 394 blei han avskaffa av keisar Theodosius I i kampen hans mot heidenskap i det no kristne Romarriket.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Rome's Vestal Virgins: protectors of the city's sacred flame ved nationalgeographic.com (engelsk)
Kategori:Romersk religion Kategori:Prestar