Reinier Lambertus van de Kerkhof, nemnd René van de Kerkhof, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, særleg kjend for sine år som vengspelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren Willy van de Kerkhof var landslagsspelar.

Klubbspel Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Dei neste ti sesongane fram til 1983 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Frå 1983 til han la opp i 1989 var Kerkhof aktiv i Hellas, Hong Kong og for klubbar på lågare nivå i heimlandet.

Landslagsspel Kerkhof fekk sin landslagsdebut i mars 1973. Han var med i VM-troppa 1974, spelte einast den andre omgangen i VM-finalen, ein kamp Nederland tapte 1-2 mot Vest-Tyskland. Under Fotball-VM 1978 i Argentina hadde han og broren Willy meir sentrale roller då Nederland på ny spelte seg til VM-finale og som sist tapte for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 47 landskampar, den siste i september 1982. Han skåra fem mål for Nederland. Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1978 med PSV Eindhoven Nederlandsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med PSV Eindhoven Nederlandsk cupmeister: 1974 og 1976 med PSV Eindhoven VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «René van de Kerkhof» frå , den 28. oktober 2019.

eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Twente-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980