Sigrun Høgetveit Berg () er ein norsk historikar som er professor i eldre historie på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
Berg er oppvaksen i Ål i Hallingdal. Ho Berg tok doktorgrad i historie i 2014 på avhandlinga Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon.Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon Ho arbeider med kyrkjehistorie i seinmellomalder og tidleg nytid, og eldre nordnorsk historie. Berg er leiar for den tverrfaglege forskingsgruppa «Creating the New North».Creating the New North.
Sigrun Høgetveit Berg har skrive boka Reformasjonen (2017) og har redigert fleire publikasjonar knytte til prosjektet «The Protracted Reformation in Northern Norway (2014–2017)».The Protracted Reformation in Northern Norway (2014–2017).
Bibliografi (utval) Reformasjonen (2017) "It's all about inheritance" – on gender, Sámi, Bourdieu and other important categories in Lars Ivar Hansen's research (2017) The Protracted Reformation in Northern Norway. Vol. 2: Towards a Protestant North (2016)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske historikarar Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg