Domostroj (russisk for ‘husordninga, hustavla’) er eit russisk skrift frå midten av 1500-talet. Det omfattar 64 kapittel som inneheld utførlege forskrifter for dei fleste tilhøve i dagleglivet. Skriftet er rekna for å vera skrive av munken Sylvester, som var rådgjevar for kong Ivan IV. Ein kan berre stadfesta at Sylvester har skrive det siste kapittelet, såkalla «Vesle Domostroj».
Ordet «domostroj» er blitt einstydande med konservativ og tyrannisk russisk familieskikk.
Kjelder
Kategori:Russisk litteratur Kategori:Bøker frå 1500-talet Kategori:Russland på 1500-talet