Jarle Halsnes () er ein norskfødd tidlegare alpin skirennar frå Sauda i Rogaland. Han var med i noregstoppen i tida frå 1975 til 1982 og hevda seg mellom verdseliten i sesongane 1980 og 1981.
Karriere Halsnes vart noregsmeister i storslalåm i 1978 på Geilo og i 1982 på Voss. Elles sanka han fire NM-sølv og to NM-bronsar i åra mellom 1978 og 1981, likt fordelt på slalåm og storslalåm. Vinteren 1980 vart Halsnes tredjemann i eit verdscuprenn i storslalåm i delstaten New Hampshire i USA. Den 1. februar 1981 kom han på tredjeplass verdscuprennet i slalåm i St. Anton, einast dei legendariske skialpinistane Ingemar Stenmark frå Sverige og Phil Mahre frå USA plasserte seg framom han på sigerpallen. I Verdscupen i alpine greiner 1981/Menn enda Halsnes på 13. plass som beste nordmann.
Halsnes er utvandra til USA.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jarle Halsnes» frå , den 8. november 2019.
Bakgrunnstoff
Jarle Halsnes i olympedia.org
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980