Stationary Traveller er det tiande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i april 1984. Som mange av albuma til Camel er dette eit konseptalbum og i dette tilfellet handlar det om dei austtyske flyktningane som prøvde å krysse Berlinmuren frå Aust-Berlin til Vest-Berlin. Albumet omhandlar òg så vidt politikken i dei to heilt forskjellige ideologiane. Det er det siste Camel-albumet som vart spelt inn for Decca.
Innhald Alle songane skrivne av Andy Latimer og Susan Hoover, utannom der andre er nemnde
I 2004 kom ei ommastra utgåve med «In the Arms of Waltzing Frauleins» som første spor i staden for «Pressure Points» og ein lengre versjon av «Pressure Points» som bonusspor.
Camel
Andy Latimer – elektrisk, akustisk & 12-strengsgitar, bass, synthesizer, piano, trommesynthesiser, fløyte, solovokal Ton Scherpenzeel – orgel, flygel, Prophet synthesizer, Yamaha CS-80, Juno 60, Korg, PPG, trekkspel Paul Burgess – trommer
Medverkande
David Paton – bass (A 3, 4), bandlaus bass (B 2, 5), korvokal Chris Rainbow – solovokal (A 4, B 5) Mel Collins – saksofon (B 2) Haydn Bendall – Fairlight synthesizer (A 1, 3), PPG synthesizer (B 3)
Teknisk Dave Hutchins - lydteknikar Greg Ladanyi, Haydn Bendall og Andy Latimer - miksing Artifex Studio, London - design
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Stationary Traveller» frå , den 11. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Camel-album Kategori:Decca Records-album Kategori:Konseptalbum