Continental Circus er det originale filmmusikkalbumet til den franske dokumentarfilmen med same namn, regissert av Jérôme Laperrousaz. Det kom ut i april 1972 på Philips Records og er tilskrive «Gong avec Daevid Allen». Albumet vart spelt inn og miksa i løpet av to dagar våren 1971, nokre få månader før albumet deira Camembert Electrique vart laga.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110-123. Laperrousaz var ein nær ven og støttesppelar av Allen og kjærasten hans Gilli SmythAllen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110. og filmen, med Jack Findlay og Giacomo Agostini, handlar om motorsykkelløp.Continental Circus at IMDb
Songen «What Do You Want?» er det same stykket som «Fohat Digs Holes in Space» på Camembert Electrique, men versjonen her manglar introen, har ein annan tekst og vert spelt meir langsamt. Soret «Continental Circus World» består berre av dialog og lydeffektar frå filmen, over ei sløyfe frå «Blues for Findlay», den einaste nye songen på albumet.
Den engelske trommeslagaren Pip Pyle spelar på bandet, etter å ha blitt introdusert for Daevid Allen av Robert Wyatt under innspelinga av det første soloalbumet til Allen, Banana Moon, i februar.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.103.
Innhald
Av rettslege årsaker oppførte Allen kjærasten Gilli Smyth som medlåtskrivar på alle spora.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.20.
Medverkande Daevid Allen – gitar, vokal Gilli Smyth – kviskring frå verdsrommet Didier Malherbe – saksofon, fløyte Christian Tritsch – bass Pip Pyle – trommer
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Continental Circus (soundtrack)» frå , den 16. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1972 Kategori:Gong-album Kategori:Britiske progressive rockealbum