You er det femte studioalbumet til progressive rockegruppa Gong, utgjeve på Virgin Records i oktober 1974. Det er det siste albumet av Gong med grunnleggjaren Daevid Allen før Shapeshifter i 1992. Det vart spelt inn i Virgin sitt Manor Studios i Oxfordshire i England. Side ein vart miksa i Pye Studios i Marble Arch i London, medan side to vart miksa i The Manor. Plata vart produsert av Simon Heyworth og Gong «under den universelle påverknaden av C.O.I.T., the Compagnie d'Opera Invisible de Thibet», med Heyworth som lydteknikar.
You er den tredje plata i «Radio Gnome Invisible»-trilogien etter Flying Teapot og Angel's Egg. Triloien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Strukturen til albumet blandar korte forteljingar med lange, jazzaktige instrumentalar (som «Master Builder», «A Sprinkling of Clouds» og «Isle of Everywhere»), og byggjer seg opp til eit klimaks eller konklusjon med «You Never Blow Yr Trip Forever».
Ettermæle Rolling Stone kåra You til eit av dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.
Sologitaristen Steve Hillage omgjorde «Master Builder» til «The Glorious Om Riff» i 1978 på albumet hans «Green».
Det japanske psych-rockbandet Acid Mothers Temple spelte òg ofte «Master Builder», då kalla «Om Riff», og har gjeve ut to heile album dedisert til albumlange utgåver av songen: «IAO Chant From The Cosmic Inferno» i 2005 og «IAO Chant From The Melting Paraiso Underground Freak Out» i 2012.
Innhald
Medverkande Daevid Allen («Dingo Virgin») – vokal og gitar Gilli Smyth («Shakti Yoni») – diktig og kviskring frå verdsrommet Didier Malherbe («Bloomdido Bad de Grasse») – Blåseinstrument og vokal Tim Blake («Hi T Moonweed») – Moog- og EMS-synthesizer og Mellotron Miquette Giraudy («Bambaloni Yoni») – røyster og kor Steve Hillage – sologitar Mike Howlett – bassgitar Pierre Moerlen – trommer, perkusjon Mireille Bauer – stemt perkusjon Benoit Moerlen – stemt perkusjon
Andre «Venux De Luxe» (Francis Linon) - lydteknikar Wizz De Kidd - lys David ID - turnémanager
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «You (Gong album)» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Konseptalbum Kategori:Gong-album Kategori:Britiske jazzalbum Kategori:Britiske progressive rockealbum Kategori:Space rock-album Kategori:Virgin Records-album