2032 er det tolvte studioalbumet til Gong, gjeve ut 21. september 2009.
Oversyn 2032 held fram å utforske Gong-mytologien, som har vore ein sentral del av albuma deira sidan Radio Gnome-trilogien som bestod av Flying Teapot og Angel's Egg frå 1973, og You frå 1974. Året 2032 er nemnt ganske ofte på dei tidlege Gong-platene. Fleire av Gong-medlemmane som spelte på Radio Gnome-trilogien spelte på denne plata, som Daevid Allen, Steve Hillage, Gilli Smyth, Miquette Giraudy, Mike Howlett og Didier Malherbe.
Albumet skildrar korleis den til no usynlege Planeten Gong, heimstaden til «the pot head pixies and octave doctors», endeleg kjem i kontakt med jorda i 2032.
Hovudtema på albumet er verdsfred og økologi.
Innspeling Albumet vart spelt inn i A-Wave Studio i London, og vart produsert og miksa av Steve Hillage, med ekstra produksjon av Daevid Allen i Bananamoon Observatory i New South Wales i Australia.
Utgjeving Albumet kom ut på CD og i eit avgrensa opplag som dobbel-LP. Den doble LP-plata kom med eit hefte med tekstar og ein plakat som syner tala 2032. Plateomslaget syner ein «0», som igjen syner til helten i soga, Zero.
Innhald
Medverkande Gong Daevid Allen – vokal, gitar Steve Hillage – gitar Gilli Smyth – vokal, kviskring frå verdsrommet Miquette Giraudy – synthesiser Mike Howlett – bass Chris Taylor – trommer Theo Travis – saksofon og fløyte
Andre medverkande Didier Malherbe – duduk, saksofon og fløyte Yuji Katsui – elektrisk fiolin Elliet Mackrell – fiolin Stefanie Petrik – korvokal
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «2032 (album)» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Konseptalbum Kategori:Gong-album Kategori:Britiske jazzalbum Kategori:Britiske progressive rockealbum