Aleksej Viktorovitsj Kasatonov () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar fødd i dåverande Leningrad. Han vann i tida 1981-89 fem VM-pokalar med Sovjetunionen og vart elles olympisk meister i 1984 og 1988.
Forsvarsspelaren Kasatonov vart verdsmeister 1981-83, 1986 og 1989 med det sovjetiske ishockeylandslaget. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo var han med om å vinne gullmedaljen, ein prestasjon han og laget gjentok ved Vinter-OL 1988 i Calgary.
Kasatonov var aktiv på laget frå heimbyen, SKA Leningrad, frå 1977 til -79. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva, den suverene einaren i det sovjetiske seriesystemet. Frå 1990 til 1996 spelte han ishockey i Nord-Amerika, lengst med New Jersey Devils åra 1990-93 og Boston Bruins 1994-96. Kasatonov avslutta si tid som aktiv spelar i 1997, etter ein siste sesong på CSKA Moskva.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Alexei Wiktorowitsch Kassatonow» frå , den 22. november 2019.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988