Cornelis Johannes «Cesar» Zuiderwijk, () er ein nederlandsk trommeslagar, mest kjend som medlem i det nederlandske rockebandet Golden Earring sidan 1970.

Biografi Zuiderwijk byrja å spele gitar som barn, men byta til trommer då han var 14 år gammal. Han var i ungdomsåra trommeslagar i ei rekkje band, frå René & His Alligators, til Hu & the Hilltops og Livin' Blues.

Han vart spurt om å erstatte Sieb Warner i Golden Earring i 1970. Sidan den gongen har han vore fat medlem av bandet.

I september 1992 spelte Zuiderwijk og hans Golden Earring i lag med minst tusen andre trommeslagarar på «Radar Love» i Maasvlakte i Rotterdam. I 1999 vart han invitert av War Child til å lære barn i den bosniske byen Mostar om å spele trommer. I 2000 drog han på turné med Percossa Percussion då Golden Earring tok eit års pause.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Cesar Zuiderwijk» frå , den 24. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Golden Earring-medlemmar Kategori:Nederlandske rocketrommeslagarar Kategori:Musikarar frå Haag