Ryen er eit strøk i Oslo. Strøket ligg til dels i bydel Østensjø og til dels i bydel Nordstrand.

Namnet mini|Utsikta frå Ryen varde mot aust over Manglerud, 1961. I bakgrunnen Oppsal og Østmarka Strøket er oppkalla etter gamle Ryen gard, som vart riven i 1983, og låg omtrent der Ryenhjemmet ligg i dag. Namnet Ryen er truleg avleitt av Rugvin (enga der ein dyrka rug).

Historie Tidlegare var Ryen ein del av Oslohverfi (= Oslogrenda, mellomaldernamnet på distriktet ved Østensjøvannet), og Ryen gard kan vere så tidlig bygd som omkring år 500.Sitert fra: http://www.ostensjovannet.no/historie/kulturlandskap/

Ein oldtidsveg gjekk opp dei bratte bakkane til Ryen gard. Vegen vart framkjøm for sledar etter at det på 1700-talet vart sprengt bort noko fjell i dalsøkket ved Ryenberget. Speidarar vart sende opp i Ryenberget i 1200, då bøndene på Austlandet reiste seg mot kong Sverre. Det høgaste punktet kalla løytnant Vibe "Ryen Borg" på kartet sitt i 1838, og tidlegare stod det ein varde i nærleiken. Det vert difor gått ut i frå at fjellet var eit viktig militært punkt for Oslo.Reidar Fønnebø: Oldtidsveger (s. 81 og 86), forlaget Orion, ISBN 82-458-0645-5 Toppen heiter framleis Ryen varde i dag.

Eit av Oslos vegknutepunkt er Ryenkrysset. Like i nærleiken ligg t-banestasjonen Ryen stasjon. T-banen har dei austlege vognhallane sine på Ryen.

Sjå òg

Ryenlokket Ryenberget skule

Referansar

Kategori:Bydel Østensjø Kategori:Strøk i Oslo