mini|Folkedansarar frå Panjab opptrer ved folkedansfestivalen ‘Lok Tarang i New Delhi i 2007. Giddha eller gidda (panjabi , ਗਿੱਧਾ, giddhā) er ein panjabisk folkedans for kvinner som er utbreidd blant panjabiarar i India og Pakistan.

Giddha blir tradisjonelt dansa i ein ring av kvinner som syng og klappar. To kvinner går inn i miten av ringen og bruker mimande arm- og handrørsler til å uttrykka det songen handlar om. Dei dansar vanlegvis til eit vers før dei går ut i ringen igjen og eit anna par tek over.

Dansen blir hovudsakleg framført ved festlege eller sosiale høve, særleg i samband med såtid og innhausting.

Galleri

Sjå òg Bhangra Jhumar Kikli

Kjelder

Kategori:Panjabi-kultur Kategori:Indisk musikk Kategori:Indisk dans Kategori:Pakistansk musikk Kategori:Pakistansk dans Kategori:Ord frå panjabi