mini|Serinakaker (type kjøpt i butikk). Serinakake er ei småkake som er kjend i Noreg som eit av dei sju slaga. Namnet er avleidd av kvinnenamnet Serina.
Kaka har form som ein runding, og blir steikt på plate i steikeomn. Serinakake kan likna på ein kjeks, og blir gjerne pynta med mandlar før steiking.
Serinakaker blei utbreidde som del av norsk juletradisjon då dei populære kokebokforfattarane Hanna Winsnes og Henriette Schønberg Erken gav ut kokebøker på slutten av 1800-talet som mellom anna hadde oppskrifter på denne kakesorten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serinakaker» frå , den 3. desember 2019.
Bakgrunnsstoff https://www.matprat.no/oppskrifter/tradisjon/serinakaker/ Oppskrift] ved matprat.no Oppskrift ved tine.no
Kategori:Julemat Kategori:Småkaker