Cæcilie Lassen () er ein dansk forfattar frå København. Ho blei landskjend då ho debuterte i 1987, berre 16 år gammal, med romanen Simone om opplevingane til ei lita jente under den franske revolusjonen.
Sidan har Lassen skrive fleire historiske romanar som spenner vidt i tid og rom, frå Spania under Franco over Karibia i 1720-åra til København i notida. Ho har føreteke fleire studiereiser til område ho har skrive om, som Spania, Nicaragua, El Salvador, Russland, Irland og Nord-Irland. Ho har cand.mag. i spansk.
Cæcilie Lassen sin roman En god dag at flyve er ein psykologisk thriller med bakgrunn i terroråtaka 11. september 2001 og den påfølgjande krigen mot terror.
Lassen var med i styret for Dansk PEN frå 2000. Ho var leiar frå 2003 til 2004, den første kvinna i stillinga.
Ho er gift med organisten Helgi Breiner Petersen, og har to barn.
Romaner Simone (Borgen, 1987) Lulu (Borgen, 1988) Duen (Borgen, 1988) Chikaderne (Borgen, 1990) Avocadotræet (Borgen, 1991) Kvinderne fra Santa Clara (Borgen, 1992) Jacks sidste rejse (Borgen, 1994) Væk er ingen steder (Borgen, 1996) Trio (Borgen, 1999) Dybhavsfisken (Borgen, 2003) En god dag at flyve (Borgen, 2006) Piratpigen Mary Read (Borgen, 2010) Sol Stjerne Ulykke (Rosinante, 2018)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cæcilie Lassen» frå , den 9. desember 2019.
Kategori:Danske romanforfattarar Kategori:Folk frå København