Steely Dan er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1971 av Walter Becker (gitar, bass, korvokal) og Donald Fagen (klaverinstrument, solovokal). Dei blanda element av rock, jazz, latinamerikansk musikk, R&B, bluesAllMusic [ Steely Dan: Biography]. og sofistikert studioproduksjon med kryptiske og ironiske tekstar, og var både kritikarroste og selde godt frå dei byrja tidleg i 1970-åra fram til bandet vart oppløyst i 1981. I starten hadde bandet ein kjerne av ei bestning, men i 1974 slutta Becker og Fagan å halde konsertar og bandet vart eit reint studioband, som valde å spele med forskjellige studiomusikarar. Rolling Stone har kalla dei «dei perfekte musikalske antiheltane for 70-åra».
Etter gruppa vart oppløyst i 1981, var Becker og Fagan mindre aktive det neste tiåret. Då bandet kom saman att i 1993 har Steely Dan turnert mykje og gjeve ut to album med nytt materiale. Det første av desse, Two Against Nature, vann dei Grammyprisen for årets album. Dei har selt meir enn 40 millionar album verda over og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i mars 2001. VH1 rangerte Steely Dan på 82. plassen på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene. Rolling Stone rangerte dei på 15. plassen på lista si over dei 20 beste duoane gjennom tidene. Walter Becker døydde 9. januar 2021 og Fagen vart det einaste offisielle medlemmet att i bandet.
Historie
Skipinga og tidlege år (1967–1972) Becker og Fagen møtte kvarandre i 1967 på Bard College i Annandale-on-Hudson i New York. Då Fagen gjekk forbi ein kafé, The Red Balloon, høyrde han Becker øve på gitaren sin. I eit intervju fortalte Fagen om hendinga: «Eg høyrde denne karen som øvde, og det høyrdest særs profesjonelt og moderne ut. Det høyrdest ut i røynda ut som ein svart person.» Han introduserte seg sjølv for Becker og spurte om han ville spele i band i lag. Dei oppdaga at dei hadde liknande musikksmak og dei to byrja å skrive songar i lag.
Becker og Fagen byrja å spele i lokale grupper. Nokre av desse, kalla The Don Fagen Jazz Trio, The Bad Rock Group og seinare The Leather Canary, inkluderte den framtidige komikarstjerna Chevy Chase på trommer. Dei spelte coverversjonar av songar av The Rolling Stones («Dandelion»), Moby Grape («Hey Grandma») og Willie Dixon («Spoonful»), i tillegg til somme originale songar. Terence Boylan, ein annan musikar som gjekk på Bard hugsa at Fagen levde eit beatnik-liv medan han gjekk på college: «Dei kom aldri ut av romma sine og var oppe heile natta. Dei såg ut som spøkjelse - svarte, høghalsa genserar og hud så kvit at det såg ut som jogurt. Absolutt ingen aktivitet, kjederøyking av Lucky Strikes og dop.» Fagen sjølv sa seinare at «det var truleg den einaste tida i livet mitt eg faktisk hadde vener.»
Etter at Fagen tok eksamen i 1969, flytta dei to til Brooklyn og prøvde å selje songar i Brill Building på Manhattan. Kenny Vance (frå Jay and the Americans), som hadde eit produksjonskontor i bygningen, fatta interesse i musikken deira, som førte til at dei arbeidde på filmmusikken til ein lågbudsjettsfilm av Richard Pryor, You've Got to Walk It Like You Talk It or You'll Lose That Beat. Becker sa seinare at «Me gjorde det berre for pengane.»Metal Leg Issue #2. Ei rekkje demoar frå 1968 til 1971 er seinare gjeve ut på ymse album, ingen av dei autoriserte av Becker og Fagen. Denne samlinga består av kring 25 spor og er kjend for sine enkle arrangement (Fagen speler solopiano på mange av dei) og dårlege lyd, i kontrast til det seinare arbeidet til Steely Dan. Sjølv om somme av desse songane («Caves of Altamira», «Brooklyn», «Barrytown») vart spelte inn for Steely Dan-album, men dei fleste vart aldri gjeve ut offisielt.
Becker og Fagen slo seg saman med turnébandet Jay and the Americans i kring eitt og eit halv år.Metal Leg: Issue #1 . Dei fekk første betalt hundre dollar per konsert, men halvvegs gjennom tida deira i bandet, reduserte turnémanageren løna deira til halvparten. Songaren i gruppa, Jay Black, kalla Becker og Fagen «the Manson and Starkweather of rock 'n' roll», og refererte til kultleiaren Charles Manson og massemordaren Charles Starkweather.
Dei hadde lite suksess eter dei flytta til Brooklyn, sjølv om Barbra Streisand spelte inn songen deira «I Mean To Shine» i 1971 på albumet hennar Barbra Joan Streisand. Hellet deira endra seg då ein av medarbeidarane til Vance, Gary Katz, flytta til Los Angeles for å bli fast produsent hos ABC Records. Han hyrte Becker og Fagen som faste låtskrivarar. Dei flytta til California. Katz produsertre alle albuma dei gav ut i 1970-åra i lag med lydteknikaren Roger Nichols. Nichols vann seks Grammyprisar for arbeidet sitt med bandet frå 1970-åra til 2001.
Katz forstod òg at songane deira var for komplekse for andre ABC-artistar og føreslo at Becker og Fagen skulle skipe sitt eige band med gitaristane Denny Dias og Jeff «Skunk» Baxter, trommeslagaren Jim Hodder og songaren David Palmer, og Katz signerte dei til ABC som plateartistar. Fagen og Becker var fans av litteratur frå Beat-generasjonen og kalla opp bandet sitt etter ein «revolusjonerande» dampdriven dildo nemnd i William S. Burroughs-romanen Naken lunsj. Palmer kom inn som andre solovokalist fordi Fagen stundom hadde sceneskrekk og var motvillig til å syngje føre publikum, og fordi selskapet meinte at røysta hans ikkje var «kommersiell» nok.
I 1972 gav ABC ut den første singelen til Steely Dan, «Dallas», med B-sida «Sail the Waterway». Opplaget av singelen var visstnok særs avgrensa og singelen selde så dårleg at det i dag er enklare å få tak i promoeksemplar enn dei selde eksemplar på samlarmarknaden. I 2015 er «Dallas» og «Sail the Waterway» den einaste offisielle utgjevingane til Steely Dan som aldri er gjevne ut på kassett eller CD. I eit intervju (1995), kalla Becker og Fagen songane «stinko.» «Dallas» vart seinare spelt inn av Poco på albumet deira Head Over Heels.
Can't Buy a Thrill og Countdown to Ecstasy (1972–1973) Can't Buy a Thrill var debutalbume til Steely Dan og kom ut i 1972. Hitsinglane «Do It Again» og «Reelin' In the Years» nådde sjetteplassen og 11. plassen på Billboard-lista. I lag med «Dirty Work» (sungen av David Palmer), vart songane mykje spelt på progressiv radio.
Fordi Fagen var motvillig til å syngje på konsertane deira, var det Palmer som song dei fleste songanepå scenen. Under den første turneen deira, kom Katz og Becker fram til at dei føretrekte tolkingane til Fagen av songane deira, og overtalte han til å ta over. Palmer slutta i det stille medan gruppa spelte inn det andre albumet sitt. Han skreiv songen «Jazzman» (1974) som vart ein stor hit for Carole King.
Countdown to Ecstasy kom ut i 1973 og selde ikkje like godt som debutplata. Becker og Fagen var misnøgde med somme av framføringane på albumet og meinte det selde dårleg fordi det var blitt for raskt spelt inn medan dei var på turné. Singlane får albumet var «Show Biz Kids» og «My Old School», som begge gjekk inn på nedre halvdel av Billboard-lista (sjølv om «My Old School» og - i mindre grad - «Bodhisattva» vart mykje spelt på FM Rock-radio på den tida).
Pretzel Logic og Katy Lied (1974–1976) mini|Gitaristen Jeff «Skunk» Baxter slutta i Steely Dan i 1974 då dei slutta å spele konsertar og berre vart eit studioband. Pretzel Logic kom ut tidleg i 1974. Det var variert og inkluderte den mest suksessrike singelen deira, «Rikki Don't Lose That Number» (fjerdeplassen på Billboard Hot 100), og ei utgåve av Duke Ellington og James «Bubber» Miley sin «East St. Louis Toodle-Oo».
Under den førre albumturneen hadde bandet fått med seg vokalisten og perkusjonisten Royce Jones, vokalisten og klaverspelaren Michael McDonald og studiomtrommeslagaren Jeff Porcaro. Porcaro spelte berre det einaste trommesporet på éin song, «Night By Night» på Pretzel Logic (Jim Gordon spelte trommer på dei andre, og han og Porcaro spelte begge på «Parker's Band»), som synte at Steely Dan i aukande grad nytta seg av studiomusikarar (inkludert Dean Parks og Rick Derringer). Jeff Porcaro og Katy Lied-pianisten David Paich kom til å skipe Toto i lag. Becker og Fagen søkte mot perfeksjon og spurte stundom musikarane å spele inn så mange som førti opptak av same spor.Q Magazine, No 103. april 1995. «Hasn't he grown», skriven av Andy Gill, s. 41–3 publisert av EMAP Metro
Pretzel Logic var det første Steely Dan-albumet med berre Walter Becker på gitar. «Då eg møtte [studiomusikaren] Chuck Rainey», sa han, «så følte eg at det ikkje var noko vits lenger å ta med meg bassgitaren til studioet».
Det oppstod ein rift mellom Becker-Fagen og dei andre medlemmane i Steely Dan (særskild Baxter og Hodder), som ønskte å turnere. Becker og Fagen mislikte den stadige turneringa og ønskte seg å konsentrere seg om å berre skrive og spele inn musikk. Dei andre medlemmane forsvann gradvis frå bandet. Dias vart derimot verande med bandet fram til Gaucho og Michael McDonald bidrog med vokal fram til gruppa tok ein tjue år lang pause etter Gaucho. Baxter og McDonald vart medlemmar av The Doobie Brothers. Den siste konserten til Steely Dan i 1970-åra var 5. juli 1974, i Santa Monica Civic Auditorium i California.
Becker og Fagen henta inn ymse studiomusikarar for Katy Lied (1975), inkludert Porcaro, Paich og McDonald, i tillegg til gitaristen Elliott Randall, jazzsaksofonisten Phil Woods, saksofonisten/bassgitaristen Wilton Felder, perkusjonisten/vibrafonist/klaverspelaren Victor Feldman, klaverspelaren (og seinare produsenten) Michael Omartian og gitaristen Larry Carlton. Dias, Becker og Fagen var dei einaste originale medlemmane att i Steely Dan. Albumet selde til gullplate på grunn av singlane «Black Friday» og «Bad Sneakers», men Becker og Fagen var så misnøgde med lyden på albumet (som følgje av feil på eit DBX støyreduksjonssystem) som dei offentleg unnskulda seg for (på baksida av plateomslaget) og i fleire år nekta dei å gje det ut i heilskapen sin. Katy Lied inkluderte òg «Doctor Wu» og «Chain Lightning».
The Royal Scam og Aja (1976–1978) The Royal Scam kom ut i mai 1976. Dels på grunn av dei mange bidraga til Carlton, er dette det mest gitarorienterte albumet deira. Studiotrommeslagaren Bernard Purdie speler òg på albumet. Albumet selde godt i USA, sjølv om det ikkje hadde ein hitsingel. I Storbritannia dreiv singelen «Haitian Divorce» (topp 20) albumsalet og det vart den første store hitten til Steely Dan der. Det sjette albumet til Steely Dan, det jazzaktige Aja kom ut i september 1977. Aja nådde topp 5 på amerikanske lister i løpet av tre veker og vann Grammyprisen for beste lydteknikar. Det var òg eit av dei første amerikanske LP-ane som vart sertifisert til platina for eit sal på over 1 million eksemplar.
Gary Katz sa om lydteknikaren Roger Nichols si rolle på Steely Dan-albuma: «Det var Roger som fekk dei platene til å høyrast ut som dei gjorde. Han var heilt utruleg i kor langt han var villig til å gå for å få platene til å høyrast betre ut. Me kunne ikkje ha laga dei platene utan Roger. Han var berre manisk i å få platene til å høyrast ut slike me ynskte det. Han meinte det alltid fanst ein betre måte å gjere det på, og han fann alltid kva som måtte til på måtar andre ikkje hadde gjort før.». | salign = right
«Peg» med Michael McDonald på korvokal var den første singelen frå albumet og nådde 11. plassen på den amerikansk singellista. Denne vart følgd opp av «Josie» (26. plassen) og «Deacon Blues» (19. plassen). Aja stadfesta ryktet Becker og Fagen hadde som låtskrivarar og studioperfeksjonistar. Med seg på innspelinga hadde dei jazz- og fusion-gitaristane Larry Carlton og Lee Ritenour; bassisten Chuck Rainey; saksofonistane Wayne Shorter, Pete Christlieb og Tom Scott; trommeslagarane Steve Gadd, Rick Marotta og Bernard Purdie; pianisten Joe Sample og den tidlegare Miles Davis-pianisten/vibrafonisten Victor Feldman og den Grammyvinnande produsenten og arrangøren Michael Omartian (piano).