DS «Konigsberg» (kallesignal JQBM) var eit dampskip bygt i 1902 som lasteskip for Vestlandske Lloyd i Bergen.

I februar 1908 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og i 1911 ombyg og omdøypt DS «Corvus».

Historie Skipet vart bygd ved Fredrikstad mekaniske verksted og levert i mai 1902.

I februar 1908 vart et det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet vart forlenga med tre meter i desember 1911 og vart samstundes omdøypt til «Corvus».

I 1917 vart skipet rekvirert av Shipping Controller i Storbritannia, og under deira kontroll grunnstøytte skipet 22. mars 1918 på Stag Rocks ved Lizard på reise mellom Swansea og Rouen med kol.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 534 bruttoregistertonn og 302 nettoregistertonn og lasteevna var 750 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av FMV. Oppgjeven yting var 300 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 8 knop. Etter ombygginga i 1911 var tonnasjen 570 brt og 326 nrt.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Fredrikstad mekaniske verksted Kategori:Skip frå 1902 Kategori:Forlis i 1918 Kategori:Forlis i Nordsjøen