Store Molvik er ei fråflytta bygd i Berlevåg kommune i Finnmark. Ho ligg ved Molvikbukta på austsida av Tanafjorden i eit dalsøkk, rundt 20 kilometer sørvest for Berlevåg sentrum. Busetnaden, som no vert brukt til fritidsbustader, ligg på ein stor strandvoll mellom Molvikvatnet og sjøen. Lengre opp i dalen ligg eit hyttefelt.
Ein kommunal grusveg frå Berlevåg er open i sommarhalvåret, og om vinteren er det ei godkjend snøscooterløype langs vegen.
I området rundt finst det ei rekkje gamle strandlinjer som følgje av landhevinga etter siste istid.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Store Molvik» frå , den 28. desember 2019.
Bakgrunnsstoff
Utsikt over Store Molvik i Tanafjorden, Berlevåg, Finnmark ved Borealfoto.com
Kategori:Geografi i Berlevåg Kategori:Tidlegare busetnader i Finnmark