DS «African» (kallesignal MBDK) var eit dampskip bygt i 1886 som passasjer- og lasteskip for Union Steam Co. i Southampton. Skipet var innom fleire eigarar før det i 1912 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i Bergen og døypt om til DS «Zeta».

Historie Skipet vart bygd ved Sir Raylton, Dixon & Co. Ltd. i Middlesbrough i Storbritannia og vart levert i mars 1886 til Union Steam Co. i Southampton.

I 1893 vart skipet selt til P.H. Powell & Co. i Liverpool og det fekk nytt namn, DS «Graceful». I 1901 hamna skipet hos norske eigarar i Kristiania då det vart selt til A/S Østlandske Lloyd. Året etter fekk namnet DS «Sovereign». Det beheldt dette namnet då det i 1906 vart selt til A/S Ganger Rolf og Fred Olsen i Kristiania.

I november 1912 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen skipet 257 905 kr. Dei gav skipet namnet DS «Zeta». I 1914 vart det sett inn trådlaus telegraf frå Telefunken.

13. august 1931 vart skipet selt til Brødrene Anda i Stavanger for opphogging. Salsprisen var då 21 000 kroner.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 359 brt, 826 nrt og lasteevna var 1 100 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 161 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av T. Richardson and Sons i Middlesbrough. Oppgjeven yting var 1 100 iHk (indikerte hestekrefter) og 195 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,25 knop knop.

Skipet hadde rom til 50 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 38 på 3. plass.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:Britiske dampskip Kategori:Britiske passasjerskip Kategori:Britiske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Sir Raylton Dixon & Co Kategori:Skip frå 1886 Kategori:Skip sluttsegla i 1931