DS «Kong Ring» (kallesignal HFGK - MTNV) var eit dampskip bygt i 1882 som passasjer- og lasteskip for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab i Kristiania.
I 1913 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Ara», etter at det ei kort stund i 1913 hadde namnet DS «Kong Trygve». Sidan hadde det fleire eigarar og namna «Frisk II», «Sailor» og til slutt «Hoi Shui» då det hamna hos kinesiske eigarar. Skipet er ukjend etter 1929.
Historie Skipet vart bygd ved Kockums Mekaniske Verksted i Malmø i Sverige og vart levert til SNDS i september 1882.
Skipet segla for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab i nesten 30 år. I mars 1913 fekk det namnet «Kong Trygve», før det i juni same året vart selt til Det Bergenske Dampskibsselskab for 165 982 kroner. Det fekk då nye klyss og anker, før det året etter fekk nye master, rigg, skorstein, bommar og vinsjar.
14. juni 1917 låg skipet til kai i Porsgrun på reise frå Menstad til Trondheim med ammoniumtrat. Det braut ut brann i skipet og vraket vart selt til Chr. S. Hansen & Otto Rasmussen i Porsgrunn same månaden. Dei reparerte skipet og i november 1919 vart det selt til D/S A/S Frisk (Harald Boe) i Kristiania og det fekk namnet DS «Frisk II». Etter reparasjonen vart òg lasteevna utvida. I 1926 vart heimehamna flytta til Brevik, og i april 1927 var D/S A/S Frisk eigd av S. Halvorsen, som i juli same året selde det til Skibs A/S Sailor (Odd I. Loennechen) i Tønsberg. Det vart då omdøypt DS «Sailor». Skipet var ikkje lenge i Tønsberg og alt i november 1927 vart det seld til kinesiske eigarar, F. Feld i Canton. Året etter hadde det fått namnet DS «Hoi Shui». I 1929 var det utgått frå registeret til Lloyds og var ikkje kjend sidan.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 124 brt, 679 nrt og lasteevna var 1055 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 497 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound-dampmaskin, levert av Kochums. Oppgjeven yting var iHk (indikerte hestekrefter) og 126 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:SNDS-eigde fartøy Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Kockums Kategori:Skip frå 1882