Hīt (arabisk هيت, òg skrive Heet), i oldtida kalla Is, er ein by i Irak i Al-Anbar guvernement. Hīt ligg nordvest for Ramadi, provinshovudstaden.
Hīt er ein liten, innmura by ved Eufrat, bygd på to haugar der oldtidsbyen Is låg. I oldtida var byen kjend for brunnar med bitumen, som vart nytta heilt attende til 3 000 å sidan. I dag er Hīt er ein marknadsplass for jordbruksvarer og oljerøyrleidninga til Middelhavet kryssar Eufrat her. Før nedgangen i elvetrafikk va Hit rekna som det øvste farbare punktet i elva.
I oktober 2014 fall Hit til Den islamske staten,http://america.aljazeera.com/articles/2014/12/13/isil-al-wafa-attack.html og vart så teken av den irakiske hæren og allierte styrkar 14. april 2016.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hīt» frå , den 4. januar 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Al Anbar guvernement Kategori:Byar ved Eufrat Kategori:Byar i Irak Kategori:Distriktshovudstader i Irak