Metroid Prime 3: Corruption er eit action-eventyrspel i førsteperson, utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo til Wii. Det er ein del av Metroid-serien og det tredje spelet i Metroid Prime-serien. Spelet vart utgjeve i Nord-Amerika og Europa i 2007 og i Japan året etter.
Handlinga i Corruption går føre seg seks månader etter hendingane i Metroid Prime 2: Echoes. Spelet følgjer Samus Aran som konfronterer rompiratar, når dei åtek på flåtestasjonen til Galactic Federation på planeten Norion. Medan dei avverjar åtaket, blir Samus og allierte dusørjegerar infiserte av Phazon av dobbeltgjengaren Dark Samus. Etter å ha mist kontakten med dei andre dusørjegerane, blir Samus send av føderasjonen for å finne ut kva som hende med dei. I løpet av spelet arbeider Samus for å hindre at Phazon spreier seg frå planet til planet, samtidig som ho sakte blir forderva av Phazon sjølv.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2007 Kategori:Metroid Kategori:Wii-spel