Stiklestad prosti er eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja frå 1. januar 2019, ved samanslåinga av Nord-Innherad og Sør-Innherad prosti. Prostesetet skal ligge på Stiklestad når det er eigna lokale på plass der. Inntil det skal prosten vere i Steinkjer.
Prostiet er delt i kyrkjelege fellesråd. Fellesråda i Stiklestad prosti er desse, med sokn. Der soknet har fleire kyrkjer står soknet etter kyrkjenamnet. Dei fleste sokna har bokmål, men nokre har nynorsk liturgi. Dette blir vist gjennom det offisielle namnet på kyrkja.
Sør-Innherad kyrkjelege fellesråd (Frosta, Levanger og Verdal kommunar)
Levanger kyrkje
Ekne kyrkje
Markabygda kyrkje
Frosta kyrkje
Ytterøy kyrkje
Alstadhaug kyrkje
Stiklestad kyrkje
Verdalsøra kapell (Stiklestad)
Vera kyrkje (Vera og Vuku)
Åsen kyrkje
Vuku kyrkje (Vera og Vuku)
Okkenhaug kyrkje
Vinne kyrkje
Inderøy kyrkjelege fellesråd
Salberg kyrkje (Røra)
Hustad kyrkje (Sandvollan)
Heggstad kyrkje (Sandvollan)
Sakshaug kyrkje (Inderøy)
Sakshaug gamle kyrkje (Inderøy)
Mosvik kyrkje
Vestvik kyrkje (Mosvik)
Steinkjer kyrkjelege fellesråd
Egge kyrkje
Beitstad kyrkje
Skei kyrkje (Ogndal)
Malm kyrkje (Verran)
Mære kyrkje
Fines kyrkje (Verran)
Henning kyrkje
Bodom kapell (Ogndal)
For kyrkje (Stod)
Føling kyrkje
Follafoss kyrkje (Verran)
Kvam kyrkje
Steinkjer kyrkje
Snåsa kyrkjelege fellesråd
Snåsa kyrkje
Kjelder Nye «Stiklestad prosti» vedtatt i bispedømmerådet kirken.no
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Trøndelag fylke Kategori:Nidaros bispedømme