mini|Sentrum av Fairbanks
Fairbanks er ein by i den amerikanske delstaten Alaska med 31 535 innbyggarar (2010). Dette gjer han til den nest mest folkerike byen i Alaska etter Anchorage. Han er den største byen i den indre delen av delstaten og ligg på begge sider av elva Chena River.
I Fairbanks finst armébasen Fort Wainwright og flybasen Eielson Air Force Base, som vart bygde under den andre verdskrigen.
Klima Byen ligg på på 64,5° nordlege breiddegrad (omtrent same breiddegrad som Namsos i Trøndelag). Mørketida om vinteren i Fairbanks er altså omtrent like lang som i Namsos.
Fairbanks har eit subarktisk innlandklima med store temperaturvariasjonar. Høgsommarane er korte og temperaturmessig særs like høgsomrane i Oslo. Vintrane er likevel mykje kaldare enn i Oslo, med temperaturar som ofte går under -25 grader celsius, som gjer Fairbanks til USAs kaldaste by.The Coldest Cities in the United States
Transport
Fairbanks International Airport Alaska Railroad George Parks Highway
Utdanning
University of Alaska Fairbanks
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fairbanks» frå , den 27. januar 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Alaska