The Powerpuff Girls (norsk tittel: Powerpuffjentene) er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Craig McCracken for Cartoon Network. Dei fire første sesongane av serien vart produserte av Hanna-Barbera Productions, og dei to siste av Cartoon Network Studios. Serien følgjer tre jenter i førskulealder; Blossom, Bubbles og Buttercup, som alle har superkrefter. Jentene bur saman i den fiktive byen Townsville i USA saman med faren og skaparen sin, vitskapsmannen Professor Utonium, og blir ofte oppringde av borgarmeisteren i byen for å kjempe mot kriminelle og andre fiendar med superkreftene sine.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Cartoon Network Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar