Cille eller Zille Gad () var ein norsk diktar og lærd.
Liv Cille Gad var dotter av embetsmannen Knud Gad (død 1711) og Anna Abrahamsdatter. Gjennom mora var ho i slekt med salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter.«Cille Gad» i Norsk biografisk leksikon Faren blei tidleg merksam på evnene til dottera, og underviste henne i klassiske språk som latin og gresk – moglegvis òg i hebraisk.Aasen, Elisabeth: Holberg og kvinnene, Bergens Tidende, 2. desember 2004. Besøkt 5. mai 2013
Etter eit tilhøve til ein austindiafarer frå eit hollandsk skip fødde Cille Gad eit barn i dølgsmål. Det blei seinare funne dødr i ei kiste. I 1705 blei ho arrestert hjå mormor si på Tysnes, tiltalt for barnemord. Ho erklærte seg uskyldig, men blei dømt til døden og blei sidan sett i fengsel på Askøy utanfor Bergen. Faren kjempa for å få henne lauslaten, og salmediktaren Anna Reimers skreiv til historikaren Otto Sperling d.y. og bad han om å gå i forbøn for henne.Alenius, Marianne: Musernes honningsøde lækkerier, nordicwomensliterature.net. Besøkt 5. mai 2013 Medan Cille sat i fengselet, fekk ho høyra at ho var blitt innlemma i Sperling si samling av lærde kvinner De foeminis doctis. Etter ei breveksling på latin mellom dei to, gjekk han i forbøn for henne hjå kongen.
I 1707 blei ho gjeven nåde, men måtte gå gjennom kyrkjetukt, betala leiermålsbot og sitja i fengsel i endå eit halvt år. Deretter blei ho utvist frå Bergen.
I 1708 drog Cille Gad til København saman med faren. Der hadde ho omgang med professorar og studentar ved universitetet.
Cille skreiv latinske æresvers, trykt i Thom. Jacobæus' Dissertatio de oculis insectorum, København 1708. Det Kongelige Bibliotek har òg dikt av henne om fangenskapen, skrivne på latin til Otto Sperling.
Gad har truleg inspirert Ludvig Holberg til skjemtediktet Zille Hans Dotters Gynaicologia eller Forsvars Skrift for Qvinde-Kiønnet frå 1722. I Bergen har ho fått Cille Gads Plass kalla opp etter seg.
Både ho og faren døydde i 1711 av byllepesten som utsletta ein tredel av folkesetnad i København, men aldri kom til Bergen. Ein tenåringsgut frå Helsingør skal ha ført med seg smitten til København etter at han hadde kryssa Øresund frå Sverige, der han hadde svekka kampkrafta til flåten betydeleg.http://www.blekingesf.se/wp-content/uploads/pesten_katalog.pdf
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cille Gad» frå , den 13. februar 2020.
Kategori:Norske lyrikarar
Kategori:Kvinner på 1600-talet Kategori:Kvinner på 1700-talet Kategori:Forfattarar frå 1600-talet Kategori:Forfattarar frå 1700-talet