Cecilie Broch Knudsen () er ein norsk biletkunstnar og administrator innan norsk kunstsektor.
Bakgrunn Cecilie Broch Knudsen blei fødd i New York som dotter av ambassadøren Ditlef Knudsen og Anna Sophie Broch.
Ho var sambuar med målaren Odd Nerdrum frå 1977 til 1991. Saman fekk dei tre barn, blant desse er kuratoren Nora Ceciliedatter Nerdrum.
Virke Knudsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, Statens Kunstakademi og Statens yrkespedagogiske høgskole. Ho var rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2007 til 2015, og rektor ved Einar Granum Kunstfagskole i perioden 1996–2007.
Diktarstien I 1992 hadde Hardanger Folkemuseum ei utstilling der korte, poetiske tekstar av Terje Johanssen var hogde i stein. Året etter blei ein av steinane lagt som den første skiferhella i ein påbyrja diktarsti i museumstunet på Utne, i samband med 85-årsdagen til diktaren Olav H. Hauge. Ideen var utvikla av Broch Knudsen og den dåverande direktøren for museet, Ågot Gammersvik. Seinare har ein ny diktar fått «Skiferhella», og æra av å sjå sin tekst på ei skiferhelle i Diktarstien kvart år. Alle steinane er utforma, og teksten hogd ut, av Broch Knudsen. I 2017 gav Nynorsk kultursentrum avd Olav H. Hauge-senteret og Hardanger og Voss museum avd. Hardanger folkemuseum ut ei jubileumsbok som presenterte alle tekstane og steinane i Diktarstien.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cecilie Broch Knudsen» frå , den 16. februar 2020.
Kategori:Norske biletkunstnarar Kategori:Kunsthøgskolen i Oslo