Rammeforteljing er ein del av eit større litterært verk som omsluttar ei eller fleire andre forteljingar. Teknikken er særleg brukt i samband med noveller og ein del i romanar.
Tradisjonen med å bruka rammeforteljing kan førast tilbake til Midtausten, der særleg dei mange innrammande forteljingane i Tusen og én natt er kjende. In finn også teknikken i europeiske mellomalderverk som Dekameronen og Canterbury-forteljingane. Nokre av Asbjørnsen og Moe sine eventyr er plasserte inni ei rammeforteljing.
Ein kan bruka ei rammeforteljing til å presentera ein forteljar og til å innføra fleire tydingsnivå i eit verk. Teknikken har vore utforska på 1900-talet, til dømes i postmodernistisk og i metafiksjonal litteratur.
Kjelder
Kategori:Litterære teknikkar Kategori:Litterære uttrykk