Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers er ein svartfot- og samisk skodespelar, produsent og filmskapar av norsk og canadisk opphav frå Kainai Nation. Ho bur dels i Vancouver i Canada, dels i reservatet Blood Reserve og dels i Sápmi i Noreg.
Oppvekst Tailfeathers er dotter av Bjarne Store-Jakobsen, ein samisk aktivist og journalist, og Esther Tailfeathers, en kainai-svartfotisk aktivist og lækjar. Foreldra hennar møtte kvarandre på ein internasjonal konferanse for urfolk i 1981 i Australia og gifta seg ikkje lenge etter.
Etter at Elle-Máijá Tailfeather var fødd flytte familien til Karasjok. Der budde dei til ho var rundt seks år gammal; da flytte familien til Nord-Dakota og mor henna byrja å studere medisin ved University of North Dakota. Seinare flytte familien til Canada.
Karriere Tailfeathers har studert skodespel ved Vancouver Film School og vart uteksaminert derfrå i 2006. Deretter flytte ho til University of British Columbia der ho tok ein grad i First Nations-studium og også studerte kvinne- og kjønnsstudium.
Ho starta som skodespelar med vendte seg etter kvart meir mot arbeid bak kamera. Medan ho studerte ved University of British Columbia byrja ho å bruke filmutstyr og å redigere. Ho har spelt ved Beaivváš samiske nasjonalteater i Noreg.
Tematikk og aktivisme Tailfeathers fokuserer på saker som gjeld First Nations – urfolk i Canada – i filmane sine. Vanlegvis er også alle skodespelarane og dei andre som jobbar med produksjonen av filmane hennar urfolk.
Aktivisme er eitt av hovudfokusa hennar som filmskapar saman med sosial rettferd. Sakene ho tek opp er direkte knytte til urfolkskvinner og -samfunn og påverkar dei. I 2011 vart ho arrestert fordi ho deltok i ein ikkje-valdeleg blokade ved inngangen til ein oljebrønn under oppbygging i reservatet Blood Reserve i Alberta.
Filmografi ÅrTittelRolleLengdStadSjangerProdusent2008Another Cinderella Storyskodespelar90 minCanadamusikkomedieDylan Sellers Productions2011Bloodlandforfattar, regissør, produsent4 minCanadaeksperimentellElle-Máijá Tailfeathers2012A Red Girl's Reasoningforfattar, regissør10 minCanadadramaThe Crazy8s Film Society2012Colonial Gaze Sámi Artists’ Collectivemedforfattar, medregissør15 minNoregmockumentarKOLT Márkomeannu2013Hurry Up, You Stupid Crippleprodusent, medregissør10 minCanadadokumentarElle-Máijá Tailfeathers2014Rebel (Bihttoš)forfattar, regissør, medprodusent14 minCanada/NoregdokumentarElle-Máijá Tailfeathers2016Unclaimedskodespelar120 minCanadadramaCBC Television2017cəsnaʔəm, the city before the cityregissør75 minCanadadokumentarMusqueam First Nations2019Blood Quantumskodespelar96 minCanadaskrekkfilmProspector Films2019The Body Remembers When the World Broke Openskodespelar, medregissør105 minCanadadrama
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elle-Máijá Tailfeathers» frå , den 24. mars 2020.
Kategori:Samiske skodespelarar Kategori:Samiske regissørar Kategori:Kanadiske skodespelarar Kategori:Kanadiske regissørar