Tintern Abbey er eit tidlegare cistersiensar-kloster på Hook-halvøya i County Wexford på Irland. Det er no ein ruin med status som «National Monument of Ireland» og tilhøyrer den irske staten.

Klosteret blei skipa rundt 1200 av William Marshal, jarlen av Pembroke, etter ein lovnad han hadde gjort etter at båten hans var i vanskar under ein storm i nærleiken. Den nøyaktige datoen for grunnlegginga er ukjend. Kyrkjehistorikaren J.H. Bernard la i ein analyse frå 1917 for Royal Irish Academy fram 3. desember 1200 som ein mogleg grunnleggingsdato.

Etter grunnlegginga blei det busett av munkar frå Tintern Abbey i Monmouthshire i Wales, som Marshal også støtta. For å skilja mellom dei blei moderhuset i Wales nokre gonger kalla «Tintern Major» og det irske klosteret «Tintern de Voto» (Lovnads-Tintern).

Etter oppløysinga av klostervesenet i Storbritannia og Irland blei klostereigedommen først gjeven til sir James Croft, og deretter til Anthony Colclough frå Staffordshire, ein soldat for Henrik VIII, i 1575. Etterkomarane hans blei kjende som Colclough-baronettane. Den siste frå Colclough-familien som budde i Tintern var Lucey Marie Biddulph Colclough, som donerte eigedommen til den irske statem.

Mellom 1982 og 2007 utførte National monuments of Ireland fleire utgravingar på staden og utvikla klosteret for vitjande. Dei utforma også ein verneplan for lokale flaggermuskoloniar. Ein brann i 2012 skadde delar av bygningsmassen frå 1800-talet.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tintern Abbey, County Wexford» frå , den 26. mars 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggverk i County Wexford Kategori:Cisterciensiske kloster i Irland Kategori:Ruinar i Irland Kategori:Turistmål i County Wexford Kategori:Religion i County Wexford Kategori:Kloster skipa på 1200-talet Kategori:National Monuments i County Wexford Kategori:Klosterruinar