mini|Ein enkel kvit piperensar. Piperensar er ein børste laga av ein eller fleire ståltrådar med påspunne fiber som kan brukast til å reinska innsida av halsstykket på ei tobakkspipe eller andre tronge hole reiskapar, som medisinske instrument. Fibrane verker som ein børste, og ståltråden gjer han bøyeleg. Ved å staka og vri piperensaren i halsen på pipa kan ein reingjera henne. I nyare tid er piperensarar og blitt eit viktig formingsmateriale.
Fiberet ein bruker på piperensarar er ofte eit absorberande tekstil som bomull eller viskose. I tillegg kan ein bruka stivare materiale som nylon eller polypropen som gjer at ein kan skrubba betre. Nokre piperensarar smalnar i eine enden slik at han kan nå inn i tronge holrom.
Hovudgrunnen til at ein ønsker å rensa pipa er for å fjerna den sure «pipesausen», som også blir kalla «pipelort». Denne øydelegg smaken av tobakken og må fjernast regelmessig.
Forming mini|Forming med piperensarar. Piperensarar blir også brukt til ulike formingsprosjekt fordi dei er bøyelege og held på forma dei får. Piperensarar laga for dette føremålet er ofte laga med polyester- eller nylontråd og er ofte lengre og tjukkare enn tradisjonelle piperensarar. Dei finst også i mange ulike fargar. Piperensarar er utbreidde formingsmateriale i barnehagar og skular.
I Japan er forming med piperensarar kjend som mogol-kunst. Namnet er avleidd frå det portugiske «mughal» (mogul) om ei form for veving.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pipe cleaner» frå , og «Piperenser» frå den 28. mars 2020. oppgav desse kjeldene: Poul C. Olrik: Kunsten å røke pipe
Kategori:Røyking Kategori:Formingsmateriale