Adolf Kristian Dahl () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Idd i Østfold. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Idd og Marker, vald for partiet Høgre.
Far til Dahl var oberst og gardbrukar. Sjølv gjekk han Sem Landbruksskole og Ås Landbruksskole før han i 1897 overtok farsgarden Vevlen i Idd herad, ein gard han dreiv til 1943. Jamsides var han 1909-18 tømmermerkar for Saugbrugsforeningen.
Frå 1902 var Dahl ein sentral mann i styringa av Idd, heradsstyremedlem i fleire tiår. Han var såleis ordførar i 1925-31, varaordførar 1922-25 og mange år i formannskapet elles. I tillegg hadde han ulike andre kommunale verv. Åra 1919-21 var Dahl stortingsmann for Idd og Marker, med i tinggruppa til Høgre. Elles var han med i den norsk-svenske mellomrikskomiteen og formann i komiteen som utgreidde spørsmålet om medisinsk fakultet i Bergen.
Dahl var aktiv idrettsmann i ungdomen, langrennsløpar som deltok i Holmenkollen. Sidan var han ein driven jeger og fritidsfiskar, fungerte fleire år som dommar på jaktprøver for fuglehundar.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Halden