Chayote (Sechium edule) er ein plante i graskarfamilien. Han stammar frå Mesoamerika, nærare bestemt sørlege Mexico. Frukta er ein viktig ingrediens i mesoamerikansk matlaging. Ein kan eta chayote både rå og kokt, men han blir som regel kokt. Den tropiske grønsaken er i dag spreidd til mange andre delar av verda. Dei viktigste vekstområda er Veracruz og Costa Rica. Den veracruzanske byen Orizaba kallar seg «chayotens hovudstad».

Ordet chayote kjem frå nahuatl chayohtli.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chayote» frå , den 30. mars 2020.

Kategori:Tropiske grønsaker Kategori:Graskarfamilien Kategori:Ord frå nahuatl